Telemark folkemusikklag er eit fylkesledd for 16 lokale folkemusikklag i Telemark som har om lag 450 medlemmer. Fylkeslaget er ein felles møteplass for dei organiserte folkemusikkaktivitetane i fylket og initierer regionale folkemusikkaktivitetar i form for kurs og fylkeskappleik. I tillegg driv fylkeslaget opplæringstiltaket UngFolk. UngFolk- sommarskule, UngFolk vår- og haustkurs er no dei regionale opplæringstiltaka som fylkeslaget organiserer. I tillegg samarbeidet fylkeslaget med Sørnorsk folkemusikksenter og Midt-Telemark kulturskule om eit fordjupingskurs for talent i folkemusikk og folkedans.
Styret i Telemark folkemusikklag
Leiar: Kjell Stundal
Styremeldem: Bjønn Raftevold Rue
Styremedlem: Gudrun Straand
Vara: Lars Ingar Meyer Fjeld
Vara: Ole Arnfinn Hagen
Revisor: Anne Tone Aasbø
Valnemd: Aslaug Kostveit
Rekneskap: Heidi Vege
Torkjell Haugeruds minnefond: Torgeir Straand
Copyright © Med enerett