UNGFOLK 2022

I vår samarbeider Telemark folkemusikklag med Bø juniorspelemannslag om vårkurset. Det blir halde i Bø fredag 6. til laurdag 7. mai. Påmeldinga opnar seinare i vår. 


Sommarkurset blir frå 9. til 13. august på Jønnbu fjellkyrkje og ungdomssenter på Lifjell i Bø.  


Haustkurset skal arrangerast i samarbeid med Tinn spelemannslag i oktober. 


Har du spørsmål om UngFolk? 


Send ein mail til post@telefolk.no

OM UNGFOLK


UngFolk er eit kurs som går over to til fem dagar tre gonger i året. Telemark folkemusikklag arrangerer UngFolk sommarskule i august kvart år. I tillegg arrangerer folkemusikklaget i samarbeid med lokale arrangørlag UngFolk vårkurs og haustkurs i høvesvis mai og oktober kvart år. Her går kurset på rundgang mellom medlemslaga i folkemusikklaget.