Folkemusikk fordjuping



Folkemusikk fordjuping er eit tilbod til ungdommar som syner ekstra interesse og iver etter å fordjupe seg i folkemusikk og -dans. Tilbodet gjeld for ungdommar for heile Telemark og Vestfold. Det er også mogleg å søkje om ein bur i andre nærliggande fylke, som til dømes Agder. Midt-Telemark kulturskule driftar fordjupingskurset saman med Sørnorsk folkemusikksenter og Telemark folkemusikklag. 

Det er lagt opp til samlingar tre til fire dagar per semester. I hovudsak er det laurdag som er samlingsdag. 




Ei vanleg samling kan sjå ut som dette: 

10.00 Undervising i grupper 

11.00 Kaffipause 

11.15 Undervising i grupper

12.15 Lunsj 

13.00 Felles temaøkt 

13.30 Undervising i grupper 

14.45 Felles samling og oppsummering

15.00 - 18.00 Dans 


Dansinga kjem etter alt det andre, då fleire av ungdommane er med på fordjuping i både instrument og dans. På dansetilbodet får ungdommane møte mange ulike lærarar gjennom året. Arnhild Brennesvik hyrer inn folkedansarar frå ulike stader i Telemark for å drille ulike dansestilar, teknikk og så vidare med elevane. 


Lærarar i skuleåret 2019/2020 er 

Lars-Ingar Meyer Fjeld, hardingfele 

Lars Erik Øygarden, hardingfele 

Johanne Flottorp, hardingfele 

Ingebjørg Lognvik Reinholdt, song 

Simen Iversen, munnharpe 

Arnhild Brennesvik, danseansvarleg 


Ta kontakt med Guri Røsok (gurok@mt.kommune.no) dersom dette er interessant for deg eller nokon du kjenner.